Mary: Blir framstilt som utakksam og gretten. Ho krevjer at alle skal gjere som ho seier. Mary blir snillare etter ein stund og meir pen og sterk i trekkane sine, når ho får vore hos onkel Craven på landet. Tenaren hennar ho Martha lærar ho å bli sjølvstendig. Då Mary kjem seg ut på heia, og kjenner vinden i håret og ho får sprunge det ho orkar, får ho både appetitt og eit betre humør.
Dickon: Han blir framstilt som ein dyreven, han tek vare på dyra og passar på at dei har det bra. Til Mary seier han at han kan snakke med dyra og dei forstår han, lik som han forsår dei. Mary og Dickon holder den hemmelege hagen som ein hemmelegheit mellom seg. Dei seier det ikkje til nokon. Mary og Dickon bestemmer seg for å fortelje det til Collin. Dickon foretel det til mor si.
 |
| Mary og Colin |
Colin: Han blir framstilt som svak og ikkje elska av tenarane sine. Han vil at dei skal gjere alt han ber om elles vil han skrike, dei tenkjer det ikkje er bra at han skrik difor gjer dei akkurat som han vil. Collin blir friskare og i betre humør av å vere ute i den hemmelege hagen. Her lærar han å gå og leve som ein normal gut.
Archibald Craven: Han er støtt ute å reiser. Foretningsreisar. Han vil helst ikkje gjere nokre for å hugse at han har ein son. Han er trist fordi kona hans dødde då Collin vart fødd. Archibald Craven er skildra som ein mann med sorg, fleire sorger. Han har ei sorg over kona si, over sin nieses foreldre og sin son. Han sørger over sin son fordi han ikkje greier å vere sammen med han.
Ben Weatherstaff: Blir framstilt som gammal og sur. Han er veldig krass, men når han treffer Mary blir han mjukere, fordi han kjenner seg igjen i ho. Han ser at dei er laga ta det samme harde stoffet. Han er også lojal ovenfor sin avdøyde herskaps frue. Det siste ønskje ho hadde var at hagen ho var glad i skulle bli ta godt vare på. Selv om herr Craven låste døra og gjemte nøkkelen, hindra ikkje det Ben Weatherstaff i å hoppe over muren og ta vare på hagen, fram til ein kink i ryggen tok han.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar