Min bloggliste

mandag 21. mars 2011

Oppgåver side 277!

1. Det eg trur at Egeland meiner med at Henrik Wergeland erstattas med Fenresulven er, at Wergeland representere den norske nasjonalkjensla. Og når han bytter ut Wergeland med ein ulv, vil det seie at den norske nasjonalkjensla er blitt meir grådig. Samtidig som den norske kulturen blir meir og meir kryddra av utenlandsk kultur, blir den norske kjensla sterkere og sterkere, og gjeld bare for nordmenn.

2.  Egeland meiner at den største faren med norsk nasjonalkjensla er at den er skremmande lik NS sine propagandaplakatar. Dette er farlig fordi den er for å støyte ut dei som ikkje tilfredsstiller dei nasjonale kriteria.

3. Han meiner at ein moderne stat burde opne opp for alle gruppar av ulike religionar, kulturar og etniske folkegruppar. Utan å putte folk i båsar. Bare da er det mulig å kunne dele røynslene og utvikle dei, skape ein felles historie, dette kjennetegner den moderne stat. Han seier også at dei som seier at det ikkje er mulig, prøver å stele framtida.  Når ein får eit slikt syn på alle menneska vil det løyse mange konfliktar og uenigheiter. I eit samfunn der alle går overens med kvarandre og tolererer, respekterer og aksepterer kvarandre, der vil det vere fred lenge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar